Miljørørsla hyllar LO i Vestland sitt vedtak om nei til Hordfast

Av: Roald Kvamme

saksbehandlar samferdsel, Norges Miljøvernforbund

Norges Miljøvernforbund hyllar LO i Vestland sitt framtidsretta vedtak om å sei nei til Hordfast. Dette er ein viktig seier for alle oss som kjempar for ei berekraftig utvikling med klimavenlege transportløysingar og vern om naturmangfald.

Norge har slutta seg til FN sine berekraftsmål og regjeringa skal føre ein politikk som støttar opp om desse. Styresmaktene har meldt inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen som er å redusera utsleppa med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent samanlikna med 1990-nivå. Forhandlingane om ein ny internasjonal naturavtale som skal styrkja arbeidet med vern av naturen og det biologiske mangfaldet er starta opp.

Norge har et stort ansvar i dette arbeidet og klima- og miljøministeren konstatera at verda har både ei naturkrise og ei klimakrise. Det er eit nasjonalt mål i Noreg at «ingen artar eller naturtypar skal utryddast». Naturmangfaldet er klodens livsgrunnlag. Vi står overfor klimaendringar og arealbruk som medverka til utrydding av truga artar, redusert naturmangfald og vegbygging er blant dei største arealinngrepa i norsk natur.

Arbeidet med nasjonal transportplan (NTP) skal medverka til å løyse utfordringane for klima og naturmangfald. Det skal gjennomførast betydelege utsleppskutt i transportsektoren, med nullvekstmål i personbiltrafikken i og omkring dei store byane, ei storstila satsing på kollektivtrafikk, satsing på grøn skipsfart og overføring av gods frå veg til sjø og bane.

I store utbyggingsprosjekt skal «tiltakshierarkiet» leggjast til grunn og dette skal sikre at negative konsekvensar først og fremst vert unngått, deretter vert avbøtast, restaurerast og som siste utveg kompenserast (frå Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet). Dette står i skarp kontrast til dei løysningane som er valt for utbygging av ny E39 med firefelts motorveg og gigantiske bruer over unikt fjordlandskap, verneverdige naturområde og uvurderlege friluftsområde.

Me treng folkevalde som vel løysingar som tar klima- og miljøutfordringane på alvor og då er ikkje svaret gigantiske motorvegprosjekt.

Støtt vårt arbeid. Bli medlem i dag..!!

Relaterte artikler

nb_NONorwegian